Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Litt av kvart i Austrheim

Det var god steming då Austrheim folkebibliotek arrangerte isfest på måndag. Isfesten var for dei som hadde delteke i årets «Sommarles»-kampanje.

20 ivrige og engasjerte lesarar i alderen 5-12 år viste stor iver og leseglede i sommar. Alle fekk ei påskjønning for innsatsen, og alle var med i trekninga av fine premiar. Maria Bettine Thorpe (8) var den heldige vinnaren av hovudpremien, 2 kinobillettar til bygdekinoen i Austrheim. I tillegg fekk ho sjølvsagt ei god bok.

«Sommarles» gav meirsmak hjå dei som var med, og dei ivra etter å settja i gong med ny lese-kampanje så snart som råd.

Tusen takk til alle som stilte opp. Dette var kjekt! 

Austrheim      Maria Bettine