Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Strilabiblioteket endrar opningstidene

Strilabiblioteket har nye og endra opningstider frå og med 16. august.

Strilabiblioteket som er biblioteka i Lindås og Meland endrar denne hausten opningstidene. Biblioteka er ope like mange timar som tidlegare, men ein har endra tidene. Personalet vert like tilgjengelege som før sommarferien. Hovudgrunnen til at ein har endra opningstidene er for at personalet på Strilabiblioteket kan møtast og samordne og utvikle biblioteket slik at du som brukar får eit betre bibliotektilbod. Det er sjølvsagt mogeleg å bruke det biblioteket ein ynskjer.

Meland bibliotek, Frekhaug senter har ikkje endringar i opningstida sine. Biblioteket startar med vanlege opningstider frå 16. august. Det er:

Måndag: 14-19
Tysdag: 10-16
Onsdag: stengt
Torsdag: 14-19
Fredag: 10-14
Laurdag 11-15

Lindås bibliotek, Knarvik senter har bytta om på opningstidene enkelte dagar. Tysdag, onsdag og laurdag har dei same opningstidene som før sommarferien. Her er dei nye opningstidene med personalet til stades:
Måndag: 11-15
Tysdag: 11-19
Onsdag: 11-19
Torsdag: 14-19
Fredag: stengt
Laurdag: 11-15

Lindås filial, Lindåshallen har også ein endring. Ein endrar frå opningsdag frå torsdag til onsdag. Det vil då vere personale til stades måndagar frå kl. 14-19 og onsdagar frå kl. 13-16. Biblioteket vil framleis vere tilgjengeleg for sjølvstyrt utlån når hallen er open. Fyrste opningsdag etter ferien er onsdag 17. august frå kl. 13-16.

Meland bibliotek, Rossland filial endrar heile opningstida si. Fyrste opningsdag etter ferien er torsdag 18. august kl. 15-19. Rossland filial har ope måndagar frå kl. 9.30-11.30 og torsdagar frå kl. 15-19. Rossland filial vil framleis ha stengt i skuleferiane.

Meirope bibliotek

Tidene for meirope på biblioteka i Knarvik og Frekhaug senter vert ikkje endra. Det er framleis meirope frå kl. 7-22 på kvardagar og kl. 7-20 på laurdagar og sundagar.  Meirope betyr at personalet ikkje er til stades for brukarane.  For å få tilgang til meirope bibliotek, så treng ein å skrive under på ein avtale med biblioteket. Lånarar som vanlegvis går på biblioteket i Knarvik senter har tilgang også til meirope bibliotek på Frekhaug senter og omvendt.

 

Åpningstid 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar