Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

KLIMA I FOKUS PÅ BIBLIOTEKET I HAUST

Kunnskap, folkeleg engasjement og etisk refleksjon er stikkord når Strilabiblioteket inviterer til ein haustserie med tre store arrangement der gjennomgongstemaet er miljø, klima og global oppvarming.

Korleis kan vi best møte denne utfordringa – som kreative menneske og samfunnsborgarar, saman med borna våre og dei som skal ta over den verda vi har skapt?
Klimaproblemet angår alle – og kallar på eit engasjement som kan uttrykkjast på mange vis.

 

Fredag 2 september kl 13.00 opnar me utstillinga: «Med nål og tråd i klimakampen»
Elisabeth Briseid Tveter frå Drammen syner fram og snakkar om sine geriljabroderi – med utfordrande tankar, slagord og viktige spørsmål til deg og meg. Den tidlegare gymnaslæraren har vekt oppsikt med si originale utstilling. «Eg er så glad i handarbeid, og som bestemor er eg kjempeengasjert i klimaet. Så byrja eg å kombinere desse to tinga som ligg hjartet mitt så nært, og starta å brodere ut frustrasjonen», seier ho.

Saman med geriljabroderia stiller vi ut andre «mjuke handarbeidsprosjekt» der tradisjonell kvinnekultur møter politiske utfordringar. Biletkunstnarane Elisabeth T. Medbøe og Marthe Sveen Edvardsen har initiert eit eige strikkeprosjekt for å spreie kunnskap om Grunnlovens miljøparagraf. Strikkande folk over heile landet  tek del i prosjektet; alle som vil kan vera med! Resultatet – som stendig veks seg større og mektigare – er Paragriffen, ein fargerik drake som symboliserer menneska si tilknyting til og avhengigheit av naturen.
Utstillinga vert ståande i biblioteket nokre veker. Ulike lokale foreiningar, politikarar og andre vil verte spesielt inviterte til å besøke oss, til å kommentere og diskutere – og kanskje la seg inspirere til eigne prosjekt?


Opningsarrangementet 2. september vert følgd opp seinare i haust med andre arrangement:

6. oktober kjem barnas miljøorganisasjon Miljøagentane og besøkjer ungdomar i Nordhordland. Dei jobbar for å gje barn tru på seg sjølve, og at det nyttar å gjere noko. Ungdomane får møte Jan Erik (15 år) frå Askøy som vil fortelje om opplevinga han har hatt som deltakar i Barnas klimapanel og møte med FN sitt klimapanel i paris i desember 2015. På dette arrangementet vil ein miljøagent frå Lindås overrekkje barnas klimakrav til ordføraren.

6. oktober vert det òg eit artig familiearrangement på biblioteket i Knarvik. Søppel vekk frå naturen! – heiter det, og her får dei minste borna og foreldra deira vise kva dei kan om kildesortering. Etter kildesorteringa kan familien gje seg ut på ein natursti i biblioteket med fokus på hav og livet i havet.

Allereie dagen etterpå, 7. oktober, får ungdom både i Knarvik og på Meland treffe den prislønna forfattaren Mette Newth. Ho kjem både for å presentere ei brosjyre for born og unge om Grunnlovens miljøparagraf 112 og hennar eigne Grønlands-bøker. «Bortførelsen» og «Arktis, Jordas navle».

2. november spør vi  «Kor stor risiko har éin generasjon lov å utsetje neste generasjon for?»  Her kjem nokre av vore fremste forskarar frå Universitetet i Bergen for å samtale rundt temaet: Helge Drange, professor i oseanologi og frittalande klimaforskar, Sigrid Eskeland Schütz, professor i rettsvitskap og professor emeritus Ragnar Fjelland, fysikar og filosof. Hald av dato og møt opp til ein spanande og informativ kveld.
Prosjektleiar for miljø- og klimasatsinga er Halfdan Wiik, tidlegare mangeårig leiar for biblioteket ved Høgskulen Stord/Haugesund. Han er initiativtakar til Besteforeldrenes klimaaksjon.

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar