Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Svenske gummistøvler

Framsidebilete for Svenske gummistøvler
Tittel: Svenske gummistøvler
Forfattar: Mankell, Henning
Klikk for å vurdere Svenske gummistøvler.
Foreslått av: Masfjorden

Henning Mankell døydde i oktober i 2015. Om lag eit halvt år tidlegare kom den siste boka hans «Svenske gummistøvler» ut.

I «Svenske gummistøvler» møter vi att den pensjonerte legen Fredrik Welin som også hadde hovudrolla i romanen «Italienske  sko» som kom i 2006. Welin er vorten 70 år og bur på den gamle familieeigedomen i den svenske  skjergarden. Ei natt vaknar han av at huset  brenn. Han kjem seg ut ,men alt han eig er borte. Berre to venstrestøvlar får han med seg. Alt han eig no er det gamle båthuset og campingvogna, som han har fått flytta til eigedomen.
 Welin opplever både raseri og dødsangst ,men får nytt livsmot og oppsøkjer dottera som han har hatt lite kontakt med. Samstundes må han finna seg i å bli mistenkt for å ha sett fyr på huset sjølv. Men så  byrjar det å brenne andre stader i bygda.  Folk vaktar på kvarandre og verkeleg dystert vert det når folk døyr.
Mankell skriv som vanleg lett og levande. Sjølv om boka har ein alvorleg grunntone, er her mykje humor, gode skildringar av bygdeoriginalar og ikkje minst flotte naturskildringar.  Tanken på døden kjem likevel ofte fram. «En lege kjenner til alle prosesser som fører til at hjertet, hjernen og andre organer slutter å arbeide. Derfor burde en lege også kunne forberede seg på en annen måte enn et menneske med et annet liv og et annet yrke. Nå innså jeg at det slett ikke var slik. Døden er like ubarmhjertig uønsket og vanskelig å forberede seg på for meg som lege som for andre. Jeg vet ikke om jeg kommer til å dø rolig eller med fortvilet motstand. Jeg vet absolutt ingenting om det som venter." Såleis er det kanskje vanskeleg å lese boka utan å tenkje på at dette vart Mankell si siste bok og etter mitt syn ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge.

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar