Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Strilesoga - frå steinalder til oljealder

Biblioteka i Nordhordland med nytt spanande opplæringstilbod. 7 ulike foredrag på 7 ulike bibliotek om Nordhordland sin historie.

Vil du vite meir om historia til Nordhordland? Då kan du følgje ei foredragsrekkje som biblioteka i Nordhordland arrangerer dette året.  Møter du opp på fire foredrag eller fleire vil du få deltakarbevis som du kan pynte CV-en din med!

I samarbeid med professor emeritus  ved Høgskolen på Vestlandet John Ragnar Myking har biblioteka laga eit opplegg som samla sett vil gje tilhøyrarane ei god oversikt over liv og lagnad til menneska som budde her før.  Med utgangspunkt i verket «Strilesoga», som John Ragnar Myking har vore redaktør for,  vil biblioteka  presentere fem foredrag, eit foredrag for kvart bind. I tillegg kjem to mellomsamlingar som tek for seg viktige tema for distriktet. Kvart foredrag utgjer eit heile for seg sjølv, men dei som følgjer  minst 4 foredrag vil få utdelt eit deltakarbevis. 

Foredragshaldarane er alle ekspertar på sine tema.:
Bjørn Arvid Bagge, universitetsbibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen og forfattar av Strilekrigen i 1765 : om ville striler og rabiate bergensere.
Egil Ertresvaag, tidlegare førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og forfattar av siste bandet av Strilesoga.
Svein Indrelid, professor emeritus i arkeologi ved Universitetet i Bergen og Bergen Museum og forfattar av første bandet av Strilesoga
Karl Egil Johansen, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet og medforfattar av fjerde bandet av Strilesoga
John Ragnar Myking, professor emeritus i historie ved Høgskulen på Vestlandet og redaktør av Strilesoga.
Jan Erik Ringstad , konservator ved Vestfoldmuseene, avdeling Hvalfangstmuseet

Tiltaket er støtta av Nasjonalbiblioteket og Nordhordland folkeakademi
Det er gratis frammøte og alle er velkomne!

Foredrag:

Radøy bibliotek, onsdag 15. februar kl. 20.00

Svein Indrelid: Fangsfolk vert gardbrukarar. Spor av busetjing på Strilelandet fram til vikingtida.

 

Austrheim bibliotek, onsdag 15. mars kl. 19.00

John Ragnar Myking: Frå høvdingesamfunn til jamne kår. (800-1650)

 

Modalen bibliotek, onsdag 24. mai kl. 18.30

Mellomsamling

Bjørn-Arvid Bagge: "Strilekrigen i 1765: om ville strilar og rabiate bergensarar"

 

Fedje folkebibliotek, laurdag 10. juni kl. 12.00

Mellomsamling

Jan Erik Ringstad: Eit historisk blikk på kvalfangst i Noreg

 

Lindås bibliotek, august

John Ragnar Myking : Bergensarane skapar strilen (1650-1850)

 

Masfjorden folkebibliotek, september

Karl Egil Johansen: Dar kjem dampen. Ei ny tid i emning (1850-1914)

 

Osterøy bibliotek, oktober

Egil Ertresvaag: Strilelandet ut av Bergen sin skugge? (1914-2000)

Aktuelle bøker

  1. Strilesoga, Frå 1914 til i dag (2001)

    Omslag for Strilesoga
    Nord- og Midthordland gjennom tidene
     
    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Strilesoga.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilesoga
  2. Strilesoga, Frå 1800 til 1914 (1999)

    Omslag for Strilesoga
    Nord- og Midhordland gjennom tidene
     
    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Strilesoga.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilesoga
  3. Strilesoga, Frå 1650 til 1800 (1998)

    Omslag for Strilesoga
    Nord- og Midhordland gjennom tidene
     
    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Strilesoga.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilesoga
  4. Strilesoga, Frå vikingtid til 1650 (1997)

    Omslag for Strilesoga
    Nord- og Midhordland gjennom tidene
     
    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Strilesoga.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilesoga
  5. Strilesoga (1996)

    Omslag for Strilesoga
    Nord- og Midhordland gjennom tidene
     
    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Strilesoga.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilesoga
  6. Strilesoga, Frå steinalder til vikingtid (1996)

    Omslag for Strilesoga
    Nord- og Midhordland gjennom tidene
     
    Språk: Nynorsk
    Klikk for å vurdere Strilesoga.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilesoga
  7. Strilekrigen i 1765 (2016)

    Omslag for Strilekrigen i 1765
    om ville striler og rabiate bergensere

    Forfattar: Bagge, Bjørn-Arvid

    Språk: Bokmål
    Klikk for å vurdere Strilekrigen i 1765.
    1. Bok (totalt 1) Bok (totalt 1), Strilekrigen i 1765

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar