Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Sommarles

Bli med i lesekampanjen til biblioteket i sommar!

Biblioteka i Nordhordland har to ulike lesekampanjar i sommar.

Felles for begge lesekampanjane er:

 * Kampanjen varar frå og med 1. juni til 31. august.

* Ein registerar dei bøkene ein les eller høyrer 

* Bibliotekarane kjem gjerne med tips til bøker og lydbøker!

 

Biblioteka i Austrheim, Masfjorden og Radøy føl opplegget frå tidlegare år: dei som vil delta stikk innom eige bibliotek og får utdelt eit Lesepass der ein kan skrive inn titlane på bøkene ein les eller høyrer gjennom sommarmånadene. Når hausten kjem vert det fest med utdeling av diplom og premiar.

 

Biblioteka i Lindås og Meland har ein digital lesekampanje. Barna registrerar seg på nettsida: http://www.sommarles.no/. Der legg dei inn kva klasse dei går i, lånekort, bibliotek og e-post til føresette. Når dei er registrert, så legg dei inn bøkene dei les/høyrer. Dei kan også sjå kva vennene les og dei kan skrive kva dei tykkjer om bøkene. I tillegg kan dei lese ei forteljing der det vert lagt ut eit kapittel kvar 14. dag. Til forteljinga så er det med eit kodeord og det kodeordet dannar til slutt ei setning. Dette kodeordet vert hengt opp på biblioteket når eit nytt kapittel vert lagt ut. Det er også mogeleg å samle XP (poeng), trofe og premiar. Biblioteket har små premiar som vert delt ut når deltakaren har nådd eitt visst nivå (Level).

For dei barna som ikkje har internett, så kan dei kome på biblioteket og bibliotekarane kan registrere dei og kva bøker dei les manuelt.

Barn som skal starte i 1. klasse til hausten kan vere med og dei barna som skal byrje i 8. klasse til hausten, registrerar seg som 7. klasse.

Sjå film her: https://www.youtube.com/watch?v=yVZFDkuExy0

Sommarles 

 

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar