Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Verkstadsaktivitetar - eksperiment

Vi følgjer opp dei kjekke eksperimentstundene med Thomas og Erna i haust og inviterer til nye eksperiment, i vår med Ulrikke og Øystein.

Tid og stad:

  1. tysdag, 6. mars 2018 Tid: 16:30 Lindås bibliotek, Knarvik senter
  2. tysdag, 13. februar 2018 Tid: 16:30 Lindås bibliotek, Knarvik senter
  3. tysdag, 30. januar 2018 Tid: 16:30 Lindås bibliotek, Knarvik senter
  4. tysdag, 16. januar 2018 Tid: 16:30 Lindås bibliotek, Knarvik senter
Pris: Gratis Lengde: Ca 1 time Publikum: Barn
Naturvitskap

Dei fleste forsøka er lette eksperiment du og foreldra dine kan ta med heim å prøve seinare. På denne måten vert kjemien forklart og vist på ein enkel måte som gjer det spanande og gøy å lære kjemi!

Passar for alle barn frå 7-12 år.

Ulrikke og Øystein er elevar ved Knarvik vidaregåande skule. Dei skal gjere dette i vår:

Tysdag 16. januar, kl. 16.30
TEMA: Alt er kjemi
Kva er eigentleg kjemi? Kva er eit atom? Og har kjemi noko å seie for oss?
Vi lagar handkrem, lærer å skrive med usynleg spionskrift og brukar ein ballong til å bøye ei vasstråle, heilt utan å vere borti vatnet!

Tysdag 30. januar, kl. 16.30
TEMA: Kjemi i dyr og planter
Skjer det kjemiske reaksjonar inne i oss? Er planter levande? Kva er det som gjer at nokre ting flyt, medan andre søkk?
Vi gjer mellom anna eit spanande forsøk der vi brukar vårt eige blod til å sjå på ein av reaksjonane som skjer i menneskekroppen.

Tysdag 13. februar, kl. 16.30
TEMA: Farleg gøy
Lær å lage din eigen vulkan! Eller kva med ei skumfontene? Dei som har, kan ta med vernebriller. 

Tysdag 6. mars kl. 16.30
TEMA: Ønskereprise
Vi gjer om att dei aller kjekkaste forsøka, lærer kva det er som gjer at bolledeigen må heve og et bollar i lag 😊

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar