Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Det elektroniske biblioteket eller biblioteket 24/7

Biblioteket er noko meir enn berre dei fysiske samlingane av bøker, lydbøker og filmar. Biblioteket har også fleire elektroniske tenester som du har tilgang til frå godstolen din.

Tid og stad:

  1. torsdag, 26. oktober 2017 Tid: 14:00 Lindås bibliotek, Knarvik senter
  2. tysdag, 17. oktober 2017 Tid: 19:00 Lindås bibliotek, Knarvik senter
  3. onsdag, 4. oktober 2017 Tid: 11:00 Lindås bibliotek, Knarvik senter
Pris: Gratis Lengde: Ca 1 time Publikum: Vaksne
Elektroniske biblioteket

På dette arrangementet får du greie på korleis du kan fornye og bestille bøkene dine sjølv, korleis du kan lese elektroniske aviser og bøker og korleis du kan strømme filmar ved hjelp av lånekortet ditt. Viss du har med deg ditt eige nettbrett eller smarttelefon, så kan me vise deg korleis du får det inn på din «dings». Det vil også verte gjeve informasjon om korleis du kjem deg inn på biblioteket utan at personalet er til stades.

Det same arrangementet går fleire gonger, slik at du kan finne ein dag det passar for deg.

Skular og andre grupper kan få informasjon og omvising etter avtale.

 

Laila 

Det er bibliotekar Laila Rene som viser deg korleis du kan får tilgang til desse elektroniske tenestene.

 

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar