Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Verdas største strikkeskulptur

Strikkeskulptur på Osterøy bibliotek kan ta verdsrekorden.

 

Bokslangens hode 

 

Verdas største strikkeskulptur i «Guinness world records» er 61 meter lang.
No har Osterøy bibliotek utfordra denne rekorden, med strikkeskulpturen ‘Bokslangen’.
Den blei målt opp 24.august i av landmålar, med ordførar og rådmann som vitne. Oppmålinga blei grundig dokumenter av bygdanytt, som sendte live frå hendinga.
Skulpturen er 126,78 meter lang.

oppmåling av bokslangen 


Skulpturen er inspirert av biletboka «Da fuglene fikk farger» av Joanna Troughton. Skulpturen viser slangeskinnet når fuglane flyg av garde med det.
Skinnet er eit handstrikka nett fylt med kasserte bibliotekbøker, men berre bøker i fargane: blå, kvit, svart, raudt. Ordna etter Fibonacci-talrekka sitt system (1,1,2,3,5,8,13,21,34,55 osb). Skulpturen heng over bibliotekhyllene, rundt søyler og rundt elles i biblioteklokala.

Her kan du høyre NRK Hordaland indervjue strikkeskulpturkunstnar og biblioteksjef Bente Dammen om prosjektet


Søknaden til Guinness om å få godkjend rekordforsøket har lang behandlingstid. Me kryssar fingrane og kjem tilbake nå saka er avgjort

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar