Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

BEST-I-TEST

Om lag 300 ungdomar frå Nordhordland testar ungdomsbøker kvart år! Alle klassene som har delteke har vore med i trekninga om bibliotekbesøk med forfattartreff og pizza på biblioteket. I haust var det klasse 8A på Rossland skule som trakk vinnarloddet. 2. oktober var dei samla på biblioteket på Frekhaug, og fekk møte forfattaren dei likte best å lese i år; Andreas Gravdal.

Frå 2011 har biblioteka i Nordhordland kvar år invitert ungdom i 8.klasse til å lese eit knippe utvalde bøker og gje dei poeng. Om lag 300 ungdomar har vore med i juryen kvart år. Alle klassene som har delteke har vore med i trekninga om bibliotekbesøk med forfattartreff og pizza på biblioteket. I haust var det klasse 8A på Rossland skule som trakk vinnarloddet. 2. oktober var dei samla på biblioteket på Frekhaug, og fekk møte forfattaren dei likte best å lese i år; Andreas Gravdal.

Tiltaket er framleis like populært no som då det starta opp. Elevane kastar seg over bøkene, og det har kome gode tilbakemeldingar frå klassene om at dette har vore kjekt å vere med på.

Vi kan slå fast at ungdom framleis kan la seg engasjere av ei bok, sjølv om fleire aktivitetar enn tidlegare er med i kampen om tida. Derfor ønskjer biblioteket å vere med på å setje fokus på bøker,  m.a. gjennom tiltak som dette.

Klassesett
Dei fleste biblioteka i Nordhordland kjøper inn gruppesett (6 eksemplar) av alle titlane som er med i Best-i-test. Det vil seie at vi lett kan skaffe heile klassesett (30 eksempar) om det er ønskjeleg. Ta kontakt med ditt lokale bibliotek, så ordnar vi resten.

Orientering om Best-i-test
Kvar haust får alle ungdomsskulane i Nordhordland følgjande invitasjon:

KÅRING AV BEST-I-TEST-BOKA: Vi inviterer med dette 8.klassane i Nordhordland til å bli med på kåring av årets ungdomsbok i distriktet. Klassar som ønskjer å delta får utlevert ei bokkasse med 6 bøker av 5 ulike titlar.

KVA SKAL GJERAST:  Klassen får ha lesekassa i 6 veker. I løpet av denne tida er målet å få så mange som mogleg til å lese så mykje som mogleg frå kassa!
Det blir sett av tid i skuletida til å lese  - og elevane får leselekse.
Før kassen vert returnert til biblioteket skal klassen stemme fram den boka dei likte best.

DØME PÅ OPPLEGG:
Veke 1-2:
Elevane skal presentere bøkene for kvarandre.
Lag til dømes eit gruppearbeid for kvar tittel der gruppa får same bok som dei skal lese, diskutere og legge fram ein omtale av for klassen.

Elevane kan òg levere bokomtaler til sitt næraste bibliotek. Bokomtalane vert lagt ut på nettsida http://www.mittnordhordland.no

Send bokmeldingane som e-post til ditt næraste bibliotek.
Hugs å merke omtalen med namn, klasse og skule. Namnet som skal visast på nettsida kan anonymiserast om det er ønskjeleg.

Veke 3-6:
Elvene les så mange dei klarer av dei andre bøkene i kassen.
Etter 6 veker er tida kome for evalueringa.

EVALUERING:  Før kassen skal leverast vert det stemd over dei 5 titlane i kassen. Elevane har ei stemme kvar og den boka som får flest stemmer har vunne.

INNSENDING: Læraren sender inn tittel på boka som vann og den som kom på andre og tredje plass.

PREMIE: Alle klassene som leverer inn evalueringa vert med i trekning om pizza og bokpresentasjon på næraste bibliotek.

 Meland vinnarar best i test

Vinnarane av Best-i-test

Simone Elkeles: Perfekt kjemi (2011/2012)
Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda I (2012/2013)
Sigbjørn Mostue: I morgon er alt mørkt (2015/2016)
Tor Arve Røssland: Glimt (2016/2017)


Alle bøkene som har vore med i Best-i-test

2011/2012
Simone Elkeles: Perfekt kjemi
Robert Muchamore: Rekrutten
Jeff Kinney: En pingles dagbok
Ingelin Røssland: Englefjes
Asbjørn Rydland: Drakeguten

2012/2013
Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda I
Arne Svingen: Sangen om en brukket nese
Anneli Klepp: Fred i tusen biter
Erna Osland: Når du går på ei bru
Jason: De 100 000 dødes øy

2013/2014
Moni Nilsson: Kyss, klapp og klem
Magnhild Bruheim: Blod på hendene 
Gro Fykse: Nelias gåte
Lene Kaaberbøl: Eldprøva
Andy Muuligan: Trash

2014/2015
Bente Bratlund: Bebe
R.J. Palacio: Mirakel
Mahmona Khan: Fra Oslo til Lahore
Tor Arve Røssland: Soledad
Mikael Godø: Filmhistorier

2015/2016
Sigbjørn Mostue: I morgen er alt mørkt
Stein Morten Lier: Rookie
Jon Ewo: 1957
Oda Faremo Lindholm: Bullshitfilteret
Kampklar: 11 noveller om verdens beste oppfinnelse

2016/2017
Tor Arve Røssland: Glimt
Yves Grevet: Huset
Torbjørn Moen: Jenta i speilet
Øyvind Holen: Tegneserienes historie
Andreas Gravdal: 2. plass holder takk
Lars Mæhle: Bouvetøya 2052

Bøker som vert lese dette skuleåret:
2017/2018

Kirsti Blom: Søppelplasten i havet
Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger
Liv Gulbrandsen: Papirfly
Bjørn Ingvaldsen: Far din
Jan Tore Noreng: Dødens skole

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar