Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Kairo, mitt nabolag

Christian Stejskal er ein norsk fiolinist, fotograf og historieforteljar med base i Kairo. I mulitmediaframsyninga tek han oss med på si eiga pilegrimsferd frå fødebyen Wien, via Jerusalem til den heilage byen Aksum i Nord-Etiopia.

Tid og stad:

  1. tysdag, 30. januar 2018 Tid: 19:00 Lindås bibliotek, Knarvik senter
Pris: Gratis Publikum: Vaksne
Christian Stejskal

Reisa endar i Kairo, i Stejskal sitt eige nabolag, der han lever i den såkalla «Garbage City».

Stejskal fortel på norsk om skjebnar han har møtt, samstundes som han viser bilete. Han akkompagnerer sjølv forteljinga med arabisk og eigenkomponert musikk på fiolin.

Framsyninga har mellom anna vore vist på Ibsenhuset i Skien, Preus fotomuseum i Horten og fleire stader i Skottland.

"Christian Stejskal har oppnådd noko ubeskriveleg vakkert i framsyninga «Mitt nabolag»." (Jane Berg, meldar i Three Weeks Edinburgh)

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar