Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Sommarles

Bli med på biblioteket sin lesekampanje i sommar!

Det er snart sommar og frå 1. juni startar lesekampanjen Sommarles.

Biblioteka i desse Nordhordlandskommunane: Austrheim, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy er med på den digitale lesekampanjen Sommarles. Barna registrerar seg på nettsida: http://www.sommarles.no/. Der legg dei inn kva klasse dei går i, lånekort, bibliotek og e-post til føresette. Når dei er registrert, så legg dei inn bøkene dei les/høyrer. Dei kan også sjå kva vennene les og dei kan skrive kva dei tykkjer om bøkene. I tillegg kan dei lese ei forteljing der det vert lagt ut eit kapittel kvar veke. Til forteljinga så er det med eit kodeord og det kodeordet dannar til slutt ei setning. Dette kodeordet vert hengt opp på biblioteket når eit nytt kapittel vert lagt ut. Det er også mogeleg å samle XP (poeng), trofe og premiar. Biblioteket har små premiar som vert delt ut når deltakaren har nådd eitt visst nivå (Level).

For dei barna som ikkje har internett, så kan dei kome på biblioteket og bibliotekarane kan registrere dei og kva bøker dei les manuelt.

Barn som skal starte i 1. klasse til hausten kan vere med og dei barna som skal byrje i 8. klasse til hausten, registrerar seg som 7. klasse.

Sjå video her: https://sommerles.no/video2018

For elevar i Lindås og Meland, så er det lesefest på biblioteket i Knarvik måndag 3. september. Då kjem Trond Magnum med førestillinga "BOKstavelig talt".

For elevar på Radøy, så er det bollefest på biblioteket på Manger tysdag 4. september kl. 17–19. Trond Magnum gjestar også Radøy med førestillinga "BOKstavelig talt".

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar