Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Masfjorden folkebibliotek

Skilt til Masfjorden folkebibliotek

Mange nye bøker i biblioteket.. Kom inn og sjå!

Liggande figur som les

 

I Masfjorden er det tre kombinasjonsbibliotek som alle har lokale på dei tre skulane i kommunen.

Hovudbiblioteket er på Nordbygda skule på Hosteland. På Matre og Sandnes skular er det filialar. I tillegg til utlån av bøker, lydbøker, filmar og tidsskrift frå eige bibliotek, vert det lånt inn frå andre bibliotek om det er ynskje om titlar som ikkje finst i Masfjorden. Å skaffa pensumlitteratur for fjernstudentar og andre som tek etter – og vidareutdanning er ei prioritert oppgåve.
I samarbeid med Nordbygda helselag og kulturskulen vert det arrangert bok- og strikkekafé den første tysdagen i kvar månad på biblioteket på Hosteland. Kvar onsdag kjem grupper frå Nordbygda barnehage til lesestund på biblioteket. I tillegg til at dei vert lesne høgt for, får kvart barn velja og låna med seg bok tilbake til barnehagen.


Kjellaug Bolset Strand er tilsett som biblioteksjef og arbeider på Hosteland og Matre. Bjørg Kvingedal styrer filialen på Sandnes. Vi ynskjer å gje deg som brukar best mogeleg sørvis og håpar du vil ta ein tur innom eit av biblioteka. Vi skal gjera vårt beste for å skaffa det du spør etter.


 

Opningstider:

Hosteland: Tysdag kl. 13.00-1900

Matre:        Torsdag kl. 12.30-18.30

Sandnes:   Måndag kl 13.00-19.00