Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Austrheim folkebibliotek

Hovudbiblioteket
Hovudbiblioteket ligg i 2.etg på kommunehuset. Her jobbar Kari, Silje og Kari.
Austrheim folkebibliotek samarbeider med andre avdelingar, lag og organisasjonar om ulike arrangement.
Biblioteket fungerer også som eit kulturkontor, og vi vil gjerne at du tek kontakt om du har tankar eller idéar om arrangement ute eller inne.
Vegg i vegg med biblioteket finn du Austrheimstova, som vert mykje brukt når vi t.d inviterer til forfattartreff og noko godt å bita i.
Bøker kan også leverast inn i bokskapet vårt på servicekontoret i 1.etg.

Fonnes filial
Fonnes filial er eit kombinasjonsbibliotek med skulebiblioteket på Kaland barne- og ungdomskule, og her jobbar Kari.
Torsdag om føremiddagen er det ope for skulen og barnehagen. Om ettermiddagen er det ope for publikum.
Elles i veka er det sjølvbetjent for skulen.
Ved inngangen er det kasse til innlevering av bøker o.a.

OPNINGSTID
Måndag 14:00 - 19:00

Tysdag  10:00 - 15:00

Onsdag 14:00 - 19:00

Fredag   10:00 - 15:00

Tlf.  56 16 20 07

E-post
bibliotek@austrheim.kommune.no

Adresse
Sætremarka 2,
5943 Austrheim