Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Hjelp til innlogging

Alle som har lånekort hos biblioteket kan logge på her. Du vil då få full tilgang til tenestene biblioteket tilbyr, som til dømes fornying, reservering, kommentere innhald, laste ned e-bøker eller musikk, og søkje i eksterne databasar

Korleis loggar eg på?

I den øvste boksen skriv du inn brukarnamnet. Det kan vere lånenummeret ditt eller eit brukarnamn som du har valt. I den nedste boksen, skriv du inn passordet ditt.

Kva gjer eg fyrst?

For å kunne logge deg på biblioteksida, må du fyrst opprette din eigen brukarkonto . Alt du treng er lånekort og at du har ein PIN-kode. Å opprette brukarkonto er gjort med to enkle steg
Steg 1:. Skriv inn lånenummeret ditt
Steg 2: Vel eit brukarnamn og passord
Du kan deretter logge på som ny brukar.

Korleis får eg ein PIN-kode?

For å få ein kode, kan du gå til nærmaste bibliotek og fortelja at du ynskjer ein PIN-kode til lånekortet ditt. Du kan då velje ein firesifra kode. Av omsyn til personvernet, gjev vi ikkje opp nye PIN-kodar via telefon eller e-post.

Kvifor brukar du ei pålogging?

Logging er for å verne privatlivet ditt, informasjon om låna dine og anna som er lagra i biblioteksystemet. Denne informasjonen er verna av lova og personalet har difor teieplikt.

Må eg logge på?

Nei, du vel om du vil vere logga inn eller ikkje. Du kan lese dei fleste tekstane uten å vere logga inn, men dersom du vil bruke nokre av tenestene våre, sjekke låna dine, for å stemme på -eller kommentere ein tekst, må du identifisere deg sjølv ved å logge på

Dersom eg gløymer passordet eller PIN-koden, kva gjer eg?

Du kan få eit nytt passord via e-post ved å klikke på linken "Gløymt passord". Du må likevel kontakte biblioteket for å få ein ny PIN-kode.

 

Slide1

 

Slide2

Slide3

 

Slide4