Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Om oss

Her finn du dine bibliotek i Lindås: Hovudbibliotek i Knarvik senter, filial i Lindåshallen og bokbussen Nyfiken som besøkjer skular og barnehagar. Logo Lindås

 

Biblioteket arbeider målretta for at innbyggjarane skal møte ein interessant og spanande stad med nye tilbod som overraskar, og med ei god informasjons- og formidlingsteneste.

 

Hovudbiblioteket har lokale i Knarvik senter. Hovudbiblioteka på Frekhaug og Knarvik er meirope. Det vil seie at du kan låse deg inn og nytte biblioteket mellom klokka 07.00 og 22.00. Vi lagar ein kontrakt med deg som er over 18 år og så nyttar du lånekortet til å kome inn. Her kan du laste ned kontrakten: Kontrakt til meirope bibliotek

 

På biblioteket i Knarvik finn du óg ei lita spelavdeling med PlayStation 3 og spel du kan spele i biblioteket.

 

Biblioteket arrangerer samlingar for store og små med forfattarar, teaterframsyningar, føredrag med lokale og tilreisande.

 

SPEL 

Nye bøker vert stilte ut kontinuerleg på eigne hyller.

For deg som les raskt og ønskjer den nyaste litteraturen først har vi eigne "snøgglånhyller" der du får den mest aktuelle litteraturen på ei vekes lån.

 

 

 

 

 

 

Opningstider i Knarvik

24.07.2017 - 30.07.2017
Måndag
14:00 - 18:00
Tysdag
11:00 - 15:00
Onsdag
14:00 - 18:00
Torsdag
11:00 - 15:00
Fredag
Lukka
Laurdag
Lukka
Søndag
Lukka

LINDÅS FILIAL

Filialen er open for sjølvstyrt utlån når Lindåshallen er open.

Personalet er til stades:

Måndag: 14.00 - 19.00
Onsdag: 13.00 - 16.00

Personalet er ikkje til stades frå og med 15. juni og til og med 15. august og mellom jul og nyttår.

KONTAKT:

Lindås bibliotek
Knarvik
Kvernhushaugane 2
5914 ISDALSTØ

Tlf:  56 37 54 31

Lindås filial
Lindåshallen
Veråsvegen 9
5955 LINDÅS

Tlf: 56 37 52 58

Bokbussen "Nyfiken"

Tlf: 56 37 54 31