Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Strilabiblioteket

Strilabiblioteket opna i april 2016. Biblioteka i Lindås og Meland har samordna tilboda sine for å kunne gje brukarane eit betre tilbod. Opninga markerte siste året av eit treårig prosjekt kalla Praksisfellesskap: To bibliotek – ein struktur. Målet med prosjektet har mellom anna vore å finne eit alternativ til hovudbibliotek /filial-strukturen ved ei mogleg kommunesamanslåing. Vi tok ikkje sikte på å forskotere ei kommunesamanslåing, men vi ville finne ei samarbeidsform som ville kome innbyggjarane til gode, enten det vart kommunesamanslåing eller ikkje. Det trur vi at vi har greidd. Tilbakemeldingane frå brukarane så langt har vore positive, men vi treng kontinuerleg dialog med alle som brukar biblioteket for å kunne vidareutvikle oss og bli betre. Så ta kontakt om det er noko de ikkje er nøgde med, eller om det er tilbod de saknar. Hugs – det er dykkar bibliotek!

 

Slik det ser ut no vil Lindås, Meland og Radøy utgjere ein kommune i
2020. Lindås og Meland har tilrettelagt for det, og vi ser fram
til å innleie eit nærare samarbeid med Radøy bibliotek.

Ein del av prosjektet har vore å skape betre tilgjenge til
biblioteket. Vi har fått meiropne bibliotek, det betyr at alle
over 18 år kan bruke heile biblioteket på Meland og delar av
biblioteket på Lindås sjølv om det ikkje er personale til stades,
frå tidleg om morgonen til seint på kveld. Skriv ut avtaleteksten, skriv under på den og ta den med på biblioteket neste gong. Kontrakt til meirope bibliotek

Strilabiblioteket har samordna samlingane sine. På Meland
bibliotek finn du mest skjønnlitteratur, som romanar og
diktsamlingar. På Lindås er det faglitteraturen som har fått
mest plass, mellom anna hobbybøker, samfunnsfag, historie,
reiselitteratur og populærvitskap. Du står sjølvsagt fritt til å
bruke biblioteka om kvarandre, eller til å få henta inn litteratur
som ikkje finst på ditt nærbibliotek.

Denne våren er det fleire arrangement på Strilabiblioteket. Last ned programmet her: Strilabiblioteket sitt vårprogram

Marit Gro Berge er leiar av Strilabiblioteket.

Opningstider i tidsrommet frå og med 15. juni til og med 15. august:

Lindås bibliotek, Knarvik senter:

Måndag: kl. 14 - 18

Tysdag: kl. 11 - 15

Onsdag: kl. 14 - 18

Torsdag: kl. 11 - 15

Fredag, laurdag og sundag: stengt

Biblioteket er meirope: måndag-fredag: 7 - 22 og laurdag, sundag: 7 - 20

 

Lindås filial er utan personale. Ope for sjølvstyrt utlån viss Lindåshallen er open.

 

Meland bibliotek, Frekhaug senter

Måndag: stengt

Tysdag: kl. 14 - 18

Onsdag: stengt

Torsdag: kl. 14 - 18

Fredag: kl. 10 - 14

Laurdag og sundag: stengt

Biblioteket er meirope: måndag-fredag: 7 - 22 og laurdag, sundag: 7 - 20

 

Rossland filial er stengt.